Vi har en rik vekkelseshistorie i Norge som jeg igjen ønske å dele noen glimt fra. Det er oppmuntrende å tenke på at Gud brukte og bruker vanlige og syndige folk til sitt hellige og usedvanlige arbeid. Jeg vil fokusere på en av de ikke-så-kjente personlighetene i denne og neste artikkel.
Rogalendingen Thormod Rettedal (nede til venstre på bildet) ble født i Høgsfjord i Stavanger i 1849 og dro hjem til Jesus i 1909. På sine 60 år fikk denne herlige broderen preget kristen-Norge på en spesiell måte med sitt evangeliske fokus da han reiste rundt i landet for Indremisjonen.
Jeg vil videre introdusere ham for deg ved å dele noen småhistorier fra hans liv som forhåpentligvis kan være til oppmuntring.
1) Frelse
Sammenfatning fra boken «Vekkelsens menn», s. 149-151 (Ingvar Haddal, 1970, Lutherstiftelsen):
«Merkeleg nok vakna tanken på Gud tidleg: ”Til det åttende år tenkte jeg [Thormod*] meget på Gud, dommedag, død og evighet.” Men desse tankane vart gøymde djupt inne i sjela. Han var som dei andre kameratane, ja, endå meir vill ofte.
Han begynte som fiskar.
Som 22 åring sa mora til han før han skulle ut på reis at han ikkje måtte kasta seg ut i synd og vondskap. Mor visste at Thormod var ein av dei villaste på dansegolvet.
Når bylgjene vart høge og vinden sterk, kom angsten over han. Han kjende Djevelen nær og Gud langt unna. Ein kveld sprang han opp på dekket, kasta seg beint ned og skreik så det høyrdest vidt og breidt. Frå dei andre båtane kom folk roande til og ville vita kva som stod på. Alvorstankane greip snart mange i fiskarlaget. Thormod kjende at no måtte det verta alvor, no måtte han omvenda seg.
Han kjempa mot dei vonde lystene, men kjende at dei berre vart sterkare etter kvart. Det var vonlaust [håplaust*] for han.
Like før jol kom dei inn til Bodø ein kveld, og Rettedal gjekk i land. Anten må eg no finna fred med Gud, eller må eg gå ut i leik og dans att, sa han til seg sjølv.
Nede ved kaia i Bodø … selde ei gamal kone bøker til fiskarane. … Slik gjekk det til at Bibelen kom med han i fiskarbåten.
Andre joledags morgon rann sola for han. Han fekk sjå det Kristus hadde gjort, og han fryda seg som eit barn. Han måtte fortelja det til dei andre og song så heile fiskarflåten vakna.
Frampå sumaren 1872 stod Thormod i Høgsfjord [heimtraktene*] att. Folk hadde høyrt gjetord om at villstyringen var vorten lesar…»
Slik gikk det til at Thormod ble frelst. Gud brukte mange av sine tjenere for å nå ham, men jeg vil peke på denne navnløse kvinnen i Bodø som solgte Bibler. Og slik ble hun et viktig ledd i å føre Thormod til Jesus og at villstyringen ble en leser. Det finnes mange forskjellige tjenester i Guds rike, og mange av dem er ikke så synlige!
*mitt tillegg
2) Liv
Noen historier fra Thormods liv
a) Den Hellige Ånd vitnet for Thormods ånd
«Ein sundag føremiddag sat Rettedal i Forsand kyrkja. Presten, Kobro, stod på stolen og tala sterke, varme ord om livet med Gud. Men det beit ikkje på Thormod der han sat, det vermde ikkje sjela. I barmen hans rasa det ein strid så tung at han visste ikkje si arme råd. For kvar setning presten sa song det for øyro: ‘Tull og tøv! Det finst ingen Gud, ingen himmel og inkje helvete! Juks og presteskrøner!’ Han hadde hug til å skrika høgt; for han augna ingen utveg.
Tung og mørk rusla han heimetter. Han kjende med seg sjølv at dette heldt han ikkje ut lenge, og så stakk han av vegen, bort frå folkesyn, og kasta seg nasegrus ned på ein haug. ‘Å, herre Gud!’ ropa han, ‘er du til, så må du visa meg det.’ Med ein einaste gong er det som tvilen er stroken av han, og han høyrer ei underleg susing ikring seg —.
Kva er dette for noko?
Heile haugen er ei einaste eldmørja!
Thormod spratt opp. Han var så glad at han visste snautt å styra seg. Det storma inn på han noko useieleg stort og klårt og himmel-reint og fredfullt, så bringa ville mest sprengjast.
Jau, Gud var til!
Aldri meir skulle han tvila.
Den allveldige hadde tala, i storm og i eld, til tenaren sin. Ei stund etter stod Thormod heime i stova. ‘Nei, korleis er det du ser ut i andletet?’ spør mora. ‘Kanskje eg er brend?’ svarar Thormod. ‘Nei, om du er, andletet ditt lyser som ei sol.'»
Side 35-36 fra boken «Vaarløysing» bind I av Oscar Handeland, Lunde forlag.
b) Gud virker på forunderlig vis
«Det var i ei vestlandsbygd. Mykje folk søkte til møta, og arbeidet hadde framgang. Men somme var også fælt harme på Rettedal. Ein av desse, som ikkje kunne tola at kona og dottera gjekk på møta, sette seg føre at han ville drepa eller i det minste skamslå denne brysame lekpreikaren. Ein kveld går han også til møtet – med lommene fulle av stein. Nå var Rettedal slik laga at han gjerne ville ha noko å ta i når han stod og tala. Denne kvelden kom han inn på den uvilje som somme gudlause folk har mot dei kristne. «Kunne dei bare få det til, så slo dei gjerne ‘lesarane’ ihel!» ropte han med sitt sværaste mål og hogde med det same jarn-nevane sine i skulderen til den første og den beste mannen han fann og rista han som det skulle vore ein fillesekk. Nå trefte det så at det var nettopp mannen med mordtankane han fekk tak i. Denne hadde høyrt på talen med stigande redsla, og då han kjende nevane i skulderen, var han viss på at Rettedal visste alt. Han sprett opp og auser steinane ut or lomma og skrik: «Nei! nei! eg skal ikkje drepa deg! eg skal ikkje drepa deg!».
Rettedal fekk ikkje preika meir den kvelden. Han laut ta seg av «mordaren», som blei eit nytt menneske.» (fra Vaarløysing)
3) Død
«Dei siste åra var han sjuk. Ein dag i 1907 gjesta Andreas Lavik han på Misjonshotellet i Bergen. Då låg Rettedal og gret. ”Kva er det som er gale, har du det ikkje godt med Gud?” sa Lavik. ”Jau, det er i orden med Gud, men eg græt fordi eg har hatt så lite medkjensle med sjelene. Eg har elska dei for lite. Kunne eg ta til på nytt, ville eg leggja vekt på to ting: Medkjensle med sjelene og ropa ut det Kristus har gjort.”
… og tredje joledag sa han stille til brorsonen sin: ”Du tarv ikkje ha otte for meg. Eg har det godt. Dødens brodd er borte.” Like etter slutta det varme hjarta å slå. Han var heime hjå Gud.»
(fre «Vekkelsens menn» s. 159)
Thormod Rettedal døde og triumferte i 1909.
Måtte Thormods tanker i sine siste år få prege våre liv: Medfølelse med sjelene og rope ut det Jesus har gjort!




